Gundas billigste ukemeny for hele familien

Matblogger Gundas ukemeny er full av knallgode oppskrifter som metter en familie på fire til en billig penge. Det er bare én ting å si: Nam!

Ukemenyer er en genial måte å sørge for sunn, hjemmelaget mat hver dag, uten å sprenge husholdningsbudsjettet. Du kommer simpelthen ikke unna planlegging hvis du vil spise billig.  

Vi har bedt kokebokforfatter og matspaltist Gunda Djupvik, som driver matbloggen Alt godt, om å gi oss sine syv billigste middagstips som metter en familie på fire. 

Og Gunda leverer.

Hennes ukemeny er full av både knallgode og varierte oppskrifter, med tradisjonsrik mat fra inn- og utland. Her får du alt fra italiensk frittata og pasta, til den sunnmørske klassikeren brennsnut, samt kjøttdeigretten Shepherd’s pie.

Menyen er satt sammen av retter som er enkle å lage, og du kan uten problemer bytte ut enkelte råvarer hvis du ikke har disse for hånden.

LES OGSÅ: Vil du leve sunnere og billigere, bør du bli avhengig av å skrive lister.

GUNDAS SUPERTRIKS PÅ BUTIKKEN

Før du drar på handletur er det lurt å snappe med seg følgende handletriks fra Gunda:

Legg alltid handleturen til etter middag, mandag kveld.

– Da er jeg mett, og unngår å kjøpe usunn mat på impuls. I tillegg har butikkene gjerne rukket å stable opp alle de ferskeste råvarene etter helgen, så dermed er de heller ikke utsolgt for noe.

– Som en ekstra bonus er det rolig og avslappet stemning i butikken, smiler hun.

LES OGSÅ: Gjerrigknarkens beste tips for å kutte drastisk i matbudsjettet

Her er Gundas billigste ukemeny:

Mandag: Frittata med paprika, kvite bønner og poteter


Foto: Maria Bondeson / Marias Salt og Søtt    

Frittata er den italienske varianten av tortilla, altså ein saftig omelett som du kan variere innhaldet i alt etter kva du har i huset. Bruk gjerne kokte poteter frå ein annan middag, eventuelt kan du koke ekstra, og ha til grønsakssuppa, til gratengen eller til brennsnuten. 

100 g tørre, kvite bønner
1 ts natron
2 små eller 1 stor paprika
4 fedd kvitløk
1 gul løk
1 ss balsamico
400 g poteter
6 egg
Salt og peppar
Smør/olje til steiking

Dagen før: Legg bønnene i bløyt.

Sett steikeomnen på 225 grader.

Hell bløytevatnet av bønnene, og ha dei i ei gryte. Slå på vatn, og ha i 1 ts natron. Kok bønnene til dei er møre, det tek ca. ein time. Bløyt og kok gjerne heile pakken når du først gjer det, kokte bønner held seg 4-5 dagar i kjøleskapet.

Del paprikaene i to, og legg dei med snittsida ned på eit eldfast fat. Bak dei til skinnet er mørkt og har blåst seg opp, ca. 15-20 minutt. Dra folie over fatet, og la det stå slik at det slår seg, og skinnet på paprikaene løsnar. Fjern stilkfestet og frøa. Når paprikaene er kalde kan du dra skinnet av ved å la fingrane gli under det og løsne det frå kjøtet. Legg dei flådde paprikafiletane til side. Lag gjerne fleire når du først er i gang, ferdig flådd paprika kan oppbevarast i kjøleskapet i 3-4 dagar, eller det kan frysast. 

Sett steikeomnen ned til 190 grader.

Rens og finhakk kvitløken. Skrell løken, og snitt den i fine strimlar. Smelt ei spiseskei smør eller ha olje i ei steikepanne, og steik kvitløken og løkstrimlane til dei er blanke og byrjar bli gylne. Salte og pepre litt, og slå over lys balsamico. Har du ikkje det, så bytt det ut med 1 ss eplecidereddik og ½ ts sukker. Rør godt, og sett til side. Ikkje vask steikepanna, du vil ha med løksmaken når du steiker potetene.

Ha litt smør i panna, og sett den på høg varme. Skrell potetene og skjær dei i skiver eller mindre bitar. Steik dei gyldne. Dryss på salt og peppar.

Knekk egga i ein bolle, og pisk dei lett saman. Smak til med salt og peppar, til denne porsjonen bør du ha i ca. 1 ts salt.

Smør ei eldfast form med olje eller smelta smør. Fordel løken i forma. Dryss i potetene og bønnene. Skjer paprikafiletane i strimlar, og fordel dei utover i forma. Slå over eggeblandinga, og bak frittataen i omnen på 190 grader i 20-25 minutt, til frittataen er ganske fast i midten. 

La den stå ei stund på benken før du skjer frittataen i porsjonsstykke, og server dei med godt brød og ein salat til.

Tirsdag: Krema grønsakssuppe


Foto: Maria Bondeson / Marias Salt og Søtt   

- Suppe er deilig og varmande, så denne passar godt på ein kald dag. Her kan du også putte i det du har i huset, gulrøter, søtpotet eller pastinakk går også fint i denne suppa, forteller Gunda. 

1 purre
1 gul løk
4 store poteter
1 sellerirotbit
3 ss olivenolje
1 grønnsaksbuljongterning
1 liter vatn
1,5 dl matfløte
1 ts tørka persille (eller frå frysaren om du har frå i sommar)

1 ts tørka graslauk (eller frå frysaren)

Salt og peppar 

Rens purren ved å skjere bort det som er stygt, splitte den i midten og skyll ut jord og anna rusk mellom laga. Rens løken, og skrell potetene og persillerot/sellerirot. Kutt alle grønsakene i terningar.

Varm opp oljen i ei romsleg gryte, og fres grønsakene i den. Dei skal ikkje ta farge. Ha i buljongen og vatnet. La det koke til grønsakene er møre. Køyr suppa glatt med stavmiksar, og ha i fløten og urtene. Server med godt brød. Har du ikkje fløte, så bruk 6 dl vatn og 6 dl mjølk.

Suppa held seg i kjøleskap iallfall i fem dagar.

Onsdag: Pasta med mais og kremost

- Dette er ein kjapp pastarett som du lagar ferdig medan pastavatnet kokar. Perfekt på ein travel dag. Lag gjerne dobbel porsjon, så har du lunsj til dagen etter, forteller Gunda. 

500 g spagetti
1 middels stor boks mais
1 squash
1 liten løk
3-4 stilkar stangselleri
2 dl vatn
1 ts sitronsaft
2 dl fløte
1 beger (100-125 g) kremost

2 ts tørka persille

Smør til steiking

Hell av vatnet på maisen. Del squashen i to på langs, og så kvar halvdel i to på langs. Kutt stengene i bitar slik at dei blir som ein slags trekantar. Finkutt løk og stangselleri og sett til side.

Kok opp rikeleg med vatn til pastaen. Salt vatnet, og kok pastaen slik det står beskrive på pakken.

Ha smør i ei steikepanne, og steik maiskorna på ganske sterk varme slik at dei får litt farge. Ha dei over i ei skål. Steik squashen slik at den er gyllen på begge sider. Ha i same skål som maisen. Smelt litt meir smør i steikepanna, og fres løk og stangselleri mørt. Ha i mais og squash, og slå på vatn med sitronsaft. La det koke inn. Du kan bytte ut vinen med eit par auser kokevatn frå pastaen. Ha i fløte, og la det koke nokre minutt. Ha i ost og persille til slutt, og la det koke til osten er smelta.

Hell kokevatnet av pastaen, og ha den i ein vid bolle. Slå over pastasausen. Server med ferskt brød til.

Torsdag: Skipper’n-grateng

- Dette er ein familieklassikar hos oss. Det er snodig med barn, dei vil ha tinga kvar for seg på tallerkenen, men når maten kjem som grateng, då er det heilt ok. Denne sklir ned på høgkant, også om du bytar ut pølsene med seifilet i små terningar, forteller Gunda.

 

2 ss smør
3 ss mjøl
8-9 dl mjølk
1 buljongterning, til dømes hønsebuljong eller grønsaksbuljong
Litt riven muskatnøtt
400 gram kjøttpølser utan skinn
To egg
Ein halv purre
1 pakke frosen lapskausblanding
1/2 pakke frosen spinat
2 dl tørr makaroni
Strøkavring
Litt ekstra smør til forma
Salt og peppar 

Sett steikeomnen på 200 grader. Skjer pølsene i terningar, skyll purren og skjer den i skiver. Har pølsene skinn, så fjern det først. Smelt smøret i gryta på ikkje alt for sterk varme. Rør inn mjølet og la det frese litt utan at det skiftar farge. Ha i mjølka, og rør godt. Sett opp varmen, og rør flittig medan sausen kokar opp. La sausen koke i 4-5 minutt medan du rører av og til. Smak den til med ein knust buljongterning, muskat og eventuelt meir salt og peppar.

Kok makaronien i salta vatn etter oppskrifta på pakken. La den renne av, og sett den til side. Ta sausen av plata, og rør raskt inn egga. Ha i den grøne spinaten, og rør slik at den tinar i sausen. Vend inn pølsebitane, purre, makaronien og lapskausblandinga.

Ha smeten over i ei smurd, eldfast form. Strø over strøkavring, finknuste knekkebrød eller liknande. Legg nokre små smørklattar på toppen, og sett forma inn i steikeomnen. Steik gratengen i 40-45 minutt til den får ei fin, gylden overflate og byrjar å bli fast.

Server gratengen som den er, eventuelt med smelta smør på.

Fredag: Brennsnut 


Foto: Istock. 

- Brennsnut lærte eg å lage hos bestemora mi. Vi budde i same hus, og søskena mine og eg stakk gjerne ned til henne og spiste middag viss mamma sin middag ikkje var min favoritt. Denne må serverast med flatbrød og smør, då får du den gode brennsnutfølelsen, forteller Gunda. 

400 gram salt svinekjøt, t.d. knoke eller sideflesk med mykje kjøt
2,5 liter vatn
6 gulrøter
8 poteter
Eit halvt kålhovud
1 lita kålrot
1 purre
100 g gule erter
100 g byggryn

Legg erter og byggryn i bløyt dagen før. Hell frå bløytevatnet. Bløyt heile pakkane når du først er i siget. Bløytte og kokte erter og byggryn kan frysast i porsjonspakkar til neste suppegryte.

Skyll kjøtet, og legg det heilt i ei stor gryte. Slå på vatnet, og la det koke opp medan du skummar av alt grums som flyt opp. Ha i erter og gryn, og la det heile koke ein times tid. Rens grønsakene, og kutt dei i bitar. Når kjøtet er mørt, tek du det opp, og legg det til kjøling. Har du kokt heile ertepakken og grynpakken tek du ut det du vil fryse, og beheld resten i gryta. Behold krafta i gryta, det er den du skal koke suppa på.

Ha i grønsakene, og la suppa koke opp att. Når kjøtet har kolna såpass at du kan ta i det, rensar du det for hinner, feitt og bein, og kuttar det i små bitar. Ha det tilbake i gryta.

Smak til om det trengst meir salt, og kvern over litt svart peppar før du serverer med flatbrød og godt smør til. 

Lørdag: Risgraut 

3 dl grautris, 25 minutt
6 dl vatn
1,2 l mjølk
1,5 ts salt
1 ts vaniljesukker 

Ha vatn, salt, vaniljesukker og ris i ei tjukkbotna gryte, og la det koke opp. Slå i mjølka litt og litt, som om du lagar risotto. La det koke opp mellom kvar gong du sper med mjølka. På den måten går det raskare, fordi å koke opp eit lite volum mjølk går fortare enn å koke opp masse mjølk.

Bonusen er at du slepp å gløyme deg, snu ryggen til, og så kokar det over. Det svir seg heller ikkje, fordi du står ved gryta. Når mjølka er brukt opp, og alt kokar, smakar du på gryna. Er dei møre, og grauten har blitt tjukk, er den ferdig. Får du for mykje, kan du lage rislappar til kvelds.

Søndag: Farmer’s pie 

- Viss du får tak i lammekjøttdeig blir dette sheperd’s pie, og då får du ein endå meir genuin smak av den engelske landsbygda. Har du restar av kokte grønsaker, til dømes brokkoli, gulrøter eller kål, kan du putte det og i paien, sier Gunda. 

400 gram kjøtdeig
1 finhakka løk
1 finhakka gulrot
2 ss kveitemjøl
3 dl vatn
1 ss tomatpuré

Salt
Peppar
Olje til steiking

Varm opp oljen i ei steikepanne, og ha i finhakka løk og finhakka gulrot. Fres det mørt. Ha det over i ei skål, og varm opp litt meir olje i steikepanna. Skru varmen litt meir opp, og steik kjøtdeigen brun. Ha i grønsakene, og dryss på kveitemjølet. Rør godt, før du slår på vatn, og har i tomatpuré, salt og peppar. Smak eventuelt til med litt sukker, om du syns sausen blir for syrleg.

Legg kjøtblandinga i ei eldfast form. Lag potetmos.

Heimelaga potetmos

700 gram kokte, skrelte poteter (vanlige eller søtpoteter) 
1 1/2 dl mjølk
35 gram smør
1 ts salt
1/3 ts peppar

Mos dei skrelte og kokte potetene. Rør inn mjølk, smør, salt og peppar. Her kan du også bruke kokte, kalde poteter, i og med at dette skal varmast opp. Då bør du varme opp smør og mjølk, før du rører dei mosa potetene i.

Legg denne potetmosen på toppen av kjøtblandinga. Set forma inni omnen på 200 grader i 30 minutt. Viss du vil kan du drysse litt riven ost på toppen etter 20 minutt, og få ei deilig, gyllen osteskorpe på når du let paien stå ti minutt til. 

LES OGSÅ: Så lenge vi planlegger, klarer vi oss på et stramt budsjett.