Til hovedinnhold

Bakar Jon - NAVET for lokalmat

LOKALMAT

Bakar Jon har eige bakeri, lokalmatbutikk med stor utval og kafe med lokale rettar på menyen

Bakar Jon - NAVET for lokalmat

Bakar Jon på Byrkjelo har lenge vore fast stoppestad for mange vegfarande, takka vere vårt gode ry på bakevarer og eit stort utval av lokalmat.

Eit handverksbakeri

Vårt bakeri har lange tradisjonar som blir vidareført i vår nye butikk. Vi set deigane når vi kjem på jobb om natta, og jobbar med produkta samanhengande frå elting til omn utan å vere innom frys og kjøl. Brøda vert steikt mellom klokka fire og ti, og vegen frå deig til produkt tek om lag seks timar frå start til mål.

For mange høyrer eit brød-stopp på Byrkjelo for handel av brød, knekkebrød, kjeks eller kaker med når ein er på veg gjennom Breim. Vi håpar du tek ein stopp neste gong du kjem forbi!

Det store utvalet av lokalmat

På Bakar Jon finn du eit stort utval med lokalprodusert mat og drikke frå over 150 produsentar. Her er det både ost, kjøtt, fisk, saft og syltetøy og mykje, mykje meir.

Berre det å stikke innom og sjå det rikhaldige utvalet er ei oppleving.

Med lokalmat på menyen

I tillegg til bakeri og butikk med lokalmat, har Bakar-Jon eigen kafeteria med gode lunch- og middagsrettar, og det er alltid lokalmat på menyen.

Følg og les meir om Bakar Jon på Facebook