Lokalmat i Coop Nordvest
Coop Nordvest:
Det er smaker hentet fra havet, fjorden, jorda, elven, skogen og fjellet, gjerne slik forfedrene våre dyrket de frem, foredlet av utrolig dyktige produsenter som setter sin ære i å levere topp produkter.
Coop Nordvest ønsker å bidra til å være en salgskanal for de fantastiske produktene på lokal mat og drikke som blir produsert i vår region, og bidra til at dette vokser videre.
Vi tek vare på den lokale smaken
Dei beste råvarer
Vi vil her gje lokal, nærreist mat og drikke, basert på råvarer av aller ypparste kvalitet, sin vel fortente heider og plass i vår felles matkultur. Det er smakar henta frå havet, fjorden, jorda, elva, skogen og fjella, gjerne slik forfedrane våre dyrka dei fram, foredla av utruleg dyktige produsentar som set si ære i å levere topp produkt.
Gjennom mange år har vi i Coop Nordvest utvikla eit fantastisk samarbeid med mange lokale produsentar av mat og drikke. Vår rolle har vore å gje dei ein fast marknadsplass i hyllene våre, til glede for både dei og oss, og ikkje minst alle våre kjære kundar. Vi har også vore med og utvikla samarbeid mellom produsentane for at dei skal kunne drive meir effektivt, og våre tilsette med ansvar for lokalmat har fått høve til å lære meir om produkta til mange av dei. Slik kan dei formidle det vidare til deg som kunde.
Bygger mat-Noreg saman
Vi har gjennom åra fått stadig meir lokalmat inn i butikkhyllene våre. Det gjeld Extra og Mega som har sine lokalmatavdelingar, no kjem også fleire Prix-butikkar etter. Så har vi Bakar-Jon på Byrkjelo, som eit populært og nasjonalt utstillingsvindauge for lokalmat.
Vi ser også at mattradisjonar som før har vore lokale, kryssar grenser og blir spennande også for andre område. T.d. blir smalehovud frå Solund selt stadig lenger nordover, medan sodd frå Trøndelag vinn nytt terreng sørover. Vi byggjer mat-Noreg saman.
Miljøvenleg kvardagsmat
I sum betyr dette at produsentane av kortreist mat og drikke har fått ein større marknad å selje sine produkt i. Det inneber også at lokalmaten, som før vart rekna mest som eksklusiv og dyr festmat, meir og meir har vorte kvardagsmat. Det er ei gledeleg utvikling.
Her er mange gode grunnar til å satse på lokalmat. Folk flest, ikkje minst dei unge, vert stadig meir opptekne av kvar maten kjem i frå og korleis den har vorte til. Vi trur lokalmaten berre blir viktigare i eit miljøperspektiv. Det er noko spesielt med mat som har kort veg frå jord til bord, i tillegg er det ein del av vår lokale identitet og tradisjon.
Hundrevis av arbeidsplassar
For Coop Nordvest er dette heilt i tråd med vårt verdikompass og det samfunnsansvaret vi ønskjer å ta. Ja, lokalmaten har også vorte ein del av vår eigenart og identitet. Vi skal ikkje berre gje rom til dei store, men også ta vare på den viktige, varierte småskalaproduksjonen. Gjennom samarbeidet med minst 150 aktive produsentar er vi med på å legge grunnlaget for hundrevis av viktige arbeidsplassar ute i bygdene. I tillegg er vi med og tek vare på dei lokale smakane. Det er noko vi er stolte av, rett og slett.
Vi ynskjer å vere ein salskanal for lokal mat og drikke.